Anbudsfristen har passerat.
Kompetansemekling er eit verkemiddel i VRI4 Sogn og Fjordane. VRI4 Sogn og
Fjordane vil i perioden 2017-2019 vera finansiert av Forskingsrådet sitt nye
program FORREGION. Hovudmålet til VRI4 Sogn og Fjordane er å mobilisere
og stimulere til meir forskingsbasert innovasjon, for større verdiskaping,
konkurransekraft og berekraft i bedrifter i fylket. Næringslivet skal i større grad ta i
bruk forskingsbasert kunnskap. Prosjektet skal redusere barrierar næringslivet har
for å ta i bruk forskingsbasert kunnskap. Denne anbodskonkuransen gjeld 4 kompetansemeklarrollar. Det er mogleg å levera anbod på fleire rollar, men kvar rolle vil bli evaluert kvar for seg. Det er ønskjeleg for oppdragsgjevar å knytte til seg meir enn ein person totalt sett, anten om dette er ved at ein leverandør tilbyr fleire personar eller om rollane blir fordelt på fleire forskjellige leverandørar.