Truckførarsertifisering - enkeltplass arbeidsmarknadsopplæring (AMO)

Information

Konkurrenspräglad dialog
2014-10-03 09:19 (GMT+02:00)
2014-10-23 12:00 (GMT+02:00)
2014-10-23 12:00 (GMT+02:00)

Inköpare

NAV Tiltak Akershus NAV Tiltak Akershus
Line Johanna Hanøy Line Johanna Hanøy
Torvet 6, oppgang B, 3. etg. (Pb. 304)
2001 Lillestrøm
Norge
974652250

Anbudsfristen har passerat.

Kort beskrivning

Oppdragsgivar tar atterhald om det blir inngått rammeavtale med ein eller fleire leverandørar, basert på kapasiteten når det gjeld bestillingar til Leverandørane som deltar i konkurransen.

Målgruppe:

Deltakarar som er tilmeldt NAV. Dette vil vere ei ueinsarta gruppe med ulike erfaringar når det til dømes gjeld kjennskap til fagområdet og språklege ferdigheiter. Nokre av deltakarane kan såleis ha behov for meir oppfølging enn andre. Leverandør blir beden om å ta høgde for dette i tilbodet.

Målsetjing:

Dette er eit fagkurs for deltakarar som står nære arbeid.

Kurset skal føre fram til sertifisering for truck i klassane T1 – T4, det vil sei sertifisering for truck med løftekapasitet tom 10 000 kg. Det skal bli gitt grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring.

Tal på deltakarar

Rammeavtalen gjeld kjøp av enkeltplassar, dvs. ein deltakar om gongen. Leverandør kan undervise i grupper dersom tidspunktet for oppstart samanfell med andre AMO enkeltplassar eller oppsette kurs i regi av Leverandøren.

Leverandør bør kunne gjennomføre tiltaket 14 dagar etter bestillinga er mottatt.

Tal på deltakarar i løpet av eit kalenderår er avgrensa oppover til 150 deltakarar.

Gjennomføringsstad

Tiltaket gjeld for NAV sine brukarar i Akershus. Gjennomføringsstaden skal liggje sentralt i Oslo eller Akershus, og lokala må vere i nærleiken av offentleg kommunikasjon med gongavstand til tog og/eller bussterminal/busstopp.

Tal på opplæringstimar

Totalt 42/48 timar.

Fagleg innhald

Det skal bli gitt opplæring i truck T1 – T4. Fagopplæringa skal gjennomførast i samsvar med Opplæringsplan for sertifisert sikkerheitsopplæring (modul 1.1, 2.2, 3.2 og 4.2) og etter forskrift nr. 1357 fastsatt 12. juni 2011 om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid).

Organisering

Leverandøren har ansvar for gjennomføring av undervisning knytt til dei ulike emna/delane i fagplanen. Den praktiske delen av truckførarsertifiseringa skal skje under rettleiing av godkjent instruktør.

Dersom deltakar ikkje består teoretiske og praktiske testar som er knytt til truckførarsertifiseringa, skal det vere mogleg å gjere eit nytt forsøk innanfor ramma av kurset sin pris og lengde. Det skal også vere mogleg å gjennomføre testane munnleg ved behov.

Pedagogisk tilrettelegging

Leverandør blir beden om å presentere føremålstenlege pedagogiske metodar for undervisninga i løysningsskildringa. Metodane som er valt må bli skildra og grunngitt.

Instruktørar

Instruktørane skal ha kompetanse til å ivareta kurset sine målsetjingar og undervise innanfor alle kurset sine modular. Instruktørar må vidare vere godkjent instruktør på truck. Kompetansebevis og CV skal leggjast ved tilbodet.

Sertifiseringar

Deltakarane skal sertifiserast for truck i klassane T1 – T4.

Kapasitet

Leverandør må gjere greie for kapasiteten dei har når det gjeld bestillingar.

Opplæringslokal

Det må bli oppgitt ei konkret adresse. Lokala må vidare vere tilpassa for menneske med nedsett funksjonsemne.

Kurset skal vere tilrettelagt for deltakarar med problem relatert til dysleksi eller lese- og skrivevanskar.

Leverandøren skal lage ein kort rapport for kvar deltakar når vedkomande deltakar avsluttar kurset.

Tiltaket skal kontinuerleg evaluerast av NAV. Kursarrangør skal sende ein konseptrapport til NAV Tiltak Akershus kvart halvår.

Dokument (klicka på filnamnet för att ladda ner)

Namn Filstorlek
Truckf%C3%B8rarsertifisering%20Konkurransegrunnlag%20del%20II.pdf 546 KB
Truckf%C3%B8rarsertifisering%20Konkurransegrunnlag%20del%201.pdf 270 KB

Mercell Commerce

Del av Mercellgruppen, en av Europas ledande leverantörer av elektroniska upphandlings- och anbudssystem på den professionella marknaden.

Kontakta oss

Klicka här för att gå till vår support

+46 077 144 02 00
Mercell Commerce | Lindhagensgatan 94, 11218 Stockholm, Sverige