Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar, inneheld mange av dei mest særeigne og krevjande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for ålmenta, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, deriblant Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger og Trondheim.
Les meir om oss her.