Rammeavtale brøyting Geiranger 2016 - 2018 (2020)

Information

Öppet förfarande
2016-09-06 15:53 (GMT+02:00)

Inköpare

Stranda kommune Stranda kommune
Bjørnar Andersen Bjørnar Andersen
Øyna 13
6200 Stranda
Norge
964 980 098

Kort beskrivning

Konkurransen gjeld rammeavtale for brøyting og strøing i Geiranger. Oppdraget omfattar beredskap i perioden 1/11 til 30/4 og brøyting og strøing av kommunale vegar, parkeringsplassar, skuleplassar, fortau mv. innafor rode 301 ved behov. Oppdraget omfattar også brøyting og strøing av private vegar og areal for kommunen sine abonnentar. Liste over kommunale vegar er lagt til i konkurransegrunnlaget. Talet på private abonnentar var 13 for sesongen 2015 - 2016. Det må påreknast at arbeid skal utførast i heile Geiranger og at nokre plassar er meir verutsette enn andre.

Tilbydarane vert invitert til å gje tilbod på ein fast pris pr. time utført arbeid. Prisen skal gjelde for alt arbeid som vert utført og skal dekke alle kostnadar knytta til gjennomføring av oppdraget som ikke er dekka av fast beredskapsgodtgjersle pr. rode fastsett i MNT vedtak 106/01. Det skal ikkje gi pris på beredskap.

Oppdraget føresett at tilbydarane held seg sjølv med traktor, utstyr og anna som er nødvendig for å oppfylle avtalen, med mindre anna er dekka av beredskapsgodtgjersla. Oppdragsgjevar held oppdragstakar med strømassar som skal nyttast i oppdraget.

Oppdragsgjevar vil inngå rammeavtale med den leverandøren som tilbyr arbeidet til lågaste pris pr. time utført arbeid. Avtalen gjeld for 2 år (1/11-16 til 30/10-18) og kan forlengjast med 1 + 1 år. Samla kontraktslengde skal ikkje vere meir enn 4 år.

Det vert spesielt gjort merksam på at brua ved Gjørvahaugen / Hotel Union er smal, og at det derfor er viktig å vere merksam på at dette stiller krav til storleiken til utstyret som vert nytta. Tilbydar vert spesielt oppmoda om å gjere eigne undersøkingar her.

Dokument (klicka på filnamnet för att ladda ner)

Namn Filstorlek
Tilbodspapir%20br%C3%B8yting%202016%20-%202018%20Geiranger%20-%20utlysing.doc 412 KB

Mercell Commerce

Del av Mercellgruppen, en av Europas ledande leverantörer av elektroniska upphandlings- och anbudssystem på den professionella marknaden.

Kontakta oss

Klicka här för att gå till vår support

+46 077 144 02 00
Mercell Commerce | Lindhagensgatan 94, 11218 Stockholm, Sverige