Prosjektleiing for bustadutvikling i Sogn

Informasjon

Åpen anbudskonkurranse
21.10.2016 20.51 (GMT+02:00)
14.11.2016 12.00 (GMT+01:00)

Innkjøper

Sogn regionråd Sogn regionråd
Karina Nerland Karina Nerland
Gravensteinsgata 17
6851 Sogndal
Norge
974814439

Dato for innlevering er passert

Kort beskrivelse

Sogn regionråd ønskjer tilbod på prosjektleiing til treårig prosjektarbeid med bustadutvikling i Sogn. Det vert teke atterhald om politiske vedtak i regionrådskommunane om at dei vil delta i arbeidet.

Bustadstrategien for Sogn peikar på fem strategiområde:

1. Aktivisere kommunane si bustadpolitiske rolle

2. Auke variasjonen i bustadtilfanget

3. Auke kompetansen om bustadmarknaden og verkemiddel i bustadforsyninga

4. Meir målretta arealplanlegging koordinert med bygging av kommunal infrastruktur

5. Meir samordna informasjon om Sogn som felles bustadarena.

Det er skissert tiltak for kvar av dei fem strategiområda. Strategiane og tiltaka framgår av vedlagde bustadstrategi. Prosjektleiar vil få ansvar for å leie, koordinere og følgje opp arbeidet i bustadstrategien i samarbeid med kommunane og andre aktørar.

Kostnadsramme for oppdraget er kr 140 000 eksl. mva. pr år over tre år 2017-2019, totalt kr 420 000.

Mercell Norge AS

Del av Mercell-gruppen, en av Europas ledende leverandører av elektroniske anbudsverktøy og informasjon mellom innkjøpere og leverandører i det profesjonelle markedet.

Kontakt oss

Klikk her for å gå til support

+47 21 01 88 00