Dialogkonferanse velferdsteknologi og automasjon - Eid omsorgssenter.

Informasjon

08.04.2014 09.49 (GMT+02:00)

Innkjøper

Eid kommune Eid kommune
Torfinn Myklebust Torfinn Myklebust
Rådhusv. 11
6770 Nordfjordeid
Norge
938521816

Kort beskrivelse

Eid kommune har vedteke bygging av nytt framtidsretta omsorgssenter. Nye Eid omsorgssenter kan når det står ferdig i 2016 vere eit av landets første omsorgssenter som tar i bruk spesiell utvikla elektroniske overvakings- og tryggleikssystem.

Eid kommune ønskjer seg framtidsretta løysingar, og har difor inngått eit samarbeid med NHO/KS Nasjonalt program for leverandørutvikling og det regionale programmet i Sogn og Fjordane. Programmet sin visjon er å utnytte offentlege innkjøp på ein meir aktiv måte som stimulerer til konkurranse, næringsutvikling og innovasjon, for slik å legge til rette for meir behovsretta produkt og tenester til betre vilkår for offentlege kundar. Les meir på: www.leverandorutvikling.no

Eid kommune ser at det kan vere mogleg å utnytte ressursane betre dersom ein ser heilskapleg på velferdsteknologi og automasjon, og vonar difor at ein gjennom dialog med marknaden vil få gode innspel til utforming av ein funksjonell kravspesifikasjon for nytt omsorgssenter.

På bakgrunn av dette inviterer Eid kommune til dialogkonferanse i Eid rådhus, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid den 07.mai 2014 kl 10:30.

Mercell Norge AS

Del av Mercell-gruppen, en av Europas ledende leverandører av elektroniske anbudsverktøy og informasjon mellom innkjøpere og leverandører i det profesjonelle markedet.

Kontakt oss

Klikk her for å gå til support

+47 21 01 88 00