Piedāvājumu iesniegšanas termiņš ir beidzies.
Førde kommune vil tildele eit tilskot til utbygging av breibandsløysing i område Solheimsdalen, del 1.
Utbygginga skal gje private og offentlege kundar breibandstilgang til internett med ein hastigheit på over 30 Mbit/s.
Førde kommune er tildelt midlar frå fylkeskommunen på 1 mill. kroner. I tillegg har kommunen løyvd inntil 430 000 kroner. Det kan ikkje påreknast auke i dei offentlege løyvingane til Solheimsdalen del 1.
Vi har valt å dele utbygging av breibandsløysing i Solheimsdalen i del 1, og del 2. Vi søkte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) og fylkeskommunen om 2,1 mill. kroner i 2018, men fekk 1 mill. kroner. Vi har difor søkt om breibandmidlar for Solheimsdalen, del 2, i 2019.
Førde kommune ønskjer at flest mogleg husstandar skal få tilgang til breiband. Tilbydar må difor vise kva husstandar som vert omfatta av denne delen av utbygginga.
Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!