Oppdragsgjevar legg med dette ut konkurransegrunnlag og kravspesifikasjon relatert til anbod angåande rammeavtale for kjøp av matvarer ut på høyring. Inkludert i anbodet er også emballasje og forbruksmateriell i samband med matproduksjon og servering. Vi ønskjer særleg innspel til punkt 1.4 i konkurransegrunnlaget. Dette punktet gjeld i hovudsak varegruppeinndeling, leveranser og særlege vilkår og atterhald. Vi ønksjer også tilbakemeldinger på kravskjema og om krava er forsvarlege. Vi tar atterhald om at dokumenta fortsatt er under intern bearbeiding, og at eventuelle innspel ikkje nødvendigvis vil bli tatt høgde for. Frist for høyringssvar: 19.01.2018. Svar kan sendast til kontaktperson oppgitt i konkurransegrunnlaget.