Nilletun er eit omsorgssenter som har beliggenheit på Mork i Volda kommune. Gjennom Volda kommune sitt EPC prosjekt har Nillteun vore gjennom ei Enøk analyse, for å sjå på kva lønsame tiltak som kan gjennomførast for energisparing, samt oppgradering av byggjet.
Byggjet er frå 1973 og oppført med betongplate på mark, samt oppført i betong. Dører og vindauger er frå 1973 med 2- lags glas. Kledning er av eternittplater og stålplater.