Nytt kvalitetsstyringssystem (Doffin oversetter)

Information

15-09-2016 16:51 (GMT+02:00)

Indkøber

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Karianne Mjøs-Haugland Karianne Mjøs-Haugland
Postboks 7900
5200 Bergen
Norge
938 626 367

Kort beskrivelse

Hordaland fylkeskommune (HFK) ynskjer med dette å invitere til dialogmøter knytt til innkjøp av nytt kvalitetsstyringssystem. Anskaffinga av kvalitetsstyringssystemet vil kunngjerast på Doffin i 2017.

I samband med anskaffinga, ynskjer HFK dialog med leverandørar i marknaden som kan tilby HFK eit kvalitetsstyringssystem som alle dei ulike einingane kan nytte for å dekke sine behov. Einingane i HFK er som følgjer:

-Vidaregåande skulene

-Tannklinikkane

-Fylkesadministrasjonen

-Bybanen Utbygging

-Skyss

HFK vil anskaffe eit nytt kvalitetsstyringssystem som gir støytte til risikobasert internkontroll innanfor alle arbeidsområder i HFK. Vi ynskjer eit kvalitetsstyringssystem som gir støytte til kvalitetsarbeid i høve til gjeldane standardar og regelver (t.d. arbeidsmiljølova, personopplysningslova, opplæringslova, kommuneloven, ISO 9000-serien etc)

Som eit minimun skal kvalitetsstyringssystemet handtere følgjande:

• Avvikshandtering

• Dokumenthandtering

• Risiko- og sårbarheitsanalysar

• Beredskap

• Rapportering

Dialogmøtane vert gjennomført som eit ein-til-ein møte med alle leverandørar som melder seg på. Maksimal tid gitt per leverandør er 2 timer. Dialogmøter er planlagt fredag 21.oktober og torsdag 27.oktober 2016.

Ved påmelding vil leverandøren tildelast eit møtetidspunkt for eit ein-til-ein møte med oppdragsgjevar. Leverandøren oppgjer ønskja møtetidspunkt.

Påmelding skjer per e-post til: karianne.mjos-haugland@hfk.no innan måndag 3.oktober kl 12:00.

Agenda for møtene er som følgjer:

1.Innleiing av HFK, samt presentasjon av HFK si organisasjon og behov for kvalitetsstyringssystem, samt krav (ca 10 min)

2.Leverandør presenterer seg sjølve og sitt kvalitetsstyingssystem (60 min)

3.Avsluttande spørsmål og avklaringar (ca 20 min)

Vi gjer merksam på at den informasjonen som kjem fram under dialogkonferansen er å sjå på som forretningshemmelegheiter og er unntatt offentlegheita.

Det vert presisert at deltaking på dialogkonferansen ikkje er påkravd for å delta i den vidare konkurransen. Ved spørsmål kan underteikna kontaktast på e-post: karianne.mjos-haugland@hfk.no. Svar på spørsmål vil publiserast på Doffin slik at alle interesserte leverandørar kan sjå dei.

Mercell A/S

En del af Mercell, en af Europas ledende aktører inden for formidling af information mellem indkøber og leverandør på det professionelle marked. CVR nr. 25698851

Kontakt

Klik her for at gå til support

+45 63 13 37 00
Mercell A/S | B!NGS
Vesterbrogade 149
, 1620 København V, Danmark