HFK-14-0107 Konsulenttenester knytt til offentlege innkjøp

Information

Offentligt udbud
30-09-2014 19:35 (GMT+02:00)
10-11-2014 10:00 (GMT+01:00)

Indkøber

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Marte Hustveit Hauge Marte Hustveit Hauge
Postboks 7900
5020 Bergen
Norge

Tidsfristen er overskredet

Kort beskrivelse

Hordaland fylkeskommune (under her Bybanen Utbygging og Skyss), Bybanen AS og Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA) har behov for ein rammeavtale for kjøp av konsulenttenester knytt til bistand i offentlege innkjøpsprosessar. Det vil bli inngått separate avtalar for kvar av dei tre oppdragsgjevarane.

Det mest sentrale tenesteområdet som vil inngå i avtalen er:

-Operativ bistand til gjennomføring av innkjøp, under dette juridisk og strategisk rådgjeving

Det er vidare aktuelt med følgjande tenester under rammeavtalen:

-Overordna strategisk rådgjeving knytt til innkjøp

-Bistand knytt til kontraktsimplementering og kontraktsoppfølging

-Opplæring/kursing knytt til innkjøp

-Anna innkjøpsfagleg bistand

For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Oppstart av avtalen er estimert til 1.1.2015. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.

Oppdragsgjevarane har dei siste åra kjøpt mellom 9000 og 16 000 konsulenttimar knytt til innkjøp per år. Det vert understreka at oppgjevne timetal er basert på estimat frå statistikk og opplysningar frå oppdragsgjevar sine noverande leverandørar og frå eigne økonomidata. Det vert teke atterhald om endringar i volum, mellom anna med bakgrunn i budsjettsituasjonar som påverkar oppdragsgjevar sin aktivitet.

På Hordaland fylkeskommune sin leverandørportal kan ein finne komplette konkurransedokument. Tilbod skal og leverast på leverandørportalen. Adressa til leverandørportalen er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/

Mercell A/S

En del af Mercell, en af Europas ledende aktører inden for formidling af information mellem indkøber og leverandør på det professionelle marked. CVR nr. 25698851

Kontakt

Klik her for at gå til support

+45 63 13 37 00
Mercell A/S | B!NGS
Vesterbrogade 149
, 1620 København V, Danmark