Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune ønskjer å inngå kontrakt med ein eller fleire leveran-dørar om levering av kompetansemeklingstenester.
Oppdraget er knytt til Forskingsrådet sin REGIONSATSING – MOBILISERING som er ei 3-årig satsing med oppstart i 2017. Hordaland fylkeskommune er prosjektansvarleg for satsinga i Hordaland og har kalla prosjektet MOBIFORSK.
MOBIFORSK har to tematiske satsingsområde:
1.Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien
2.Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar
Tilbydarar kan velje å gi tilbod på eitt eller begge av desse områda.
Kontraktane vil gjelde frå kontraktsinngåing og ut 2018, med opsjon på forlenging i ytterlegare 1 år (2019), til saman maksimalt 3 år.
Verdien av anskaffinga er sett til maksimalt kr. 500 000,- pr. år for kvar områdepakke, altså maksimalt kr. 1 500 000,- per pakke inkludert alle opsjonar.
Nærare skildring av leveransen følgjer av konkurransedokumenta.