Piedāvājumu iesniegšanas termiņš ir beidzies.
Bakgrunnen for anskaffinga er behovet for transport av bøker og anna bibliotekmateriell knytt til lånesamarbeidet mellom biblioteka. Fjernlån er samarbeid mellom bibliotek, der biblioteka stiller sine samlingar til disposisjon for lånarar ved andre bibliotek. Biblioteka er ansvarlege for administrasjon og kostnad ved å sende bøker og anna materiell til bibliotek som låner, i tillegg til administrasjon og kostnad ved å returnere materiell som biblioteket har lånt frå eit anna bibliotek.
Dette inneber at bøkene skal transporterast mellom bibliotek i Hordaland fylke, til bibliotek andre stader i Noreg og til utlandet. Bøkene er ikkje pakka inn når leverandøren hentar dei på dei forskjellige biblioteka.
Transportordninga gjeld cd-ar, filmar, tidskrift, papirkopiar m.m. i tillegg til bøker.
Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!