Endring i kontrakt - anbod 2010 Hurtigbåtrute Sogn og FJordane - Bergen 2012-2020(22)

Informācija

19.11.2014 21:14 (GMT+02:00)

Pasūtītājs

Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
Norvēģija
941388841

Lai saņemtu informāciju par iepirkumiem e-pastā, piesakieties, spiežot uz "Saņemt iepirkumu informāciju" lapas lejasdaļā!

Endring av fartøy på rute Sogndal – Bergen – Sogndal.

Endringa gjeld ikkje tilleggskjøp, men er ei endring som fører til ei innsparing for fylkeskommunen.

For å tilpasse fartøy i ruta til transportbehovet og fylkeskommunen sine økonomiske rammer, vert fartøyet som i dag har plass til 190 passasjerer bytta ut med fartøy med plass til 147 passasjerer. Nytt fartøy har propelldrift i staden for vannjet. Fartøyet har ei lengde på 24,5 meter og bredde på 8 meter.

Endringsordren fører ikkje til endring i rutetabellen.

Utover dei endringar som kjem fram av endringsordren og nytt fartøyskjema, gjeld konkurransegrunnlaget og det samla avtaleverket, inkludert Norled sitt innleverte tilbod, forøvrig.

For at det skal vere økonomisk balanse i kontrakten også etter endring, får oppdragsgjevar den økonomisk effekten av endringa. Den økonomiske effekten gjer til at den årlege godtgjerlsa for oppdragsgjevar vert redusert med 4 842 600 kroner .

Oppdragsgjevar vurderer at endringa ikkje utgjer ei vesentleg endring. Vurderinga som ligg til grunn for dette er at det gjennom statistikk syner at passasjertalet ikkje tilseier at det er naudsynt med eit passasjertal på 190. Vidare syner ein til punkt 6 i budsjettsak 05/14 i Finansutvalet og sak 49/14 og 50/14 i hovudutvalet for samferdsle , sjå politiske saker på www.sfj.no. sakene illustrerer at dei økonomiske rammene talar for å gjere endringar som gjev oppdragsgjevar mindre kostnader i arbeidet med å sørge for trannsportbehovet. Det ligg såleis føre sakleg grunn for endring. Endringa blir gjort einsidig frå oppdragsgjevar si side ved at det blir sendt ut ei endringsordre i samsvar med punkt 10 i opphavleg konkurransegrunnlag. Sjølv om fartøy vert bytt ut, utgjer dette ikkje ei vesentleg endring i kontraktens si art eller omfang. Endringa forrykker heller ikkje konkurransehøvet, ved at det er stilt krav om at den økonomiske balansen av endring ikkje går i favør av operatør. Endringa fører til ei innsparing for oppdragsgjevar. Endringa fører til nye vilkår for kontrakten, då passasjertal er endra, samt at nyttfartøy nyttar propell framføre vannjet. Dette er likevel ikkje vilkår som vil kunne ha forrykka konkurranseresultatet i den aktuelle saka.

Likevel ynskjer fylkeskommunen å foreta ei intensjonskunngjering for å vere trygge på at det ikkje vert gjennomført ei ulovleg direkte anskaffing.



Kontraktstildeling
Tittel: Endringsordre Hurtigbåtrute Sogndal-Bergen-Sogndal
Dato for kontraktstildeling: 11-01-2014
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Norled AS981940768, Postboks 839 Sentrum, 4004 Stavanger, NO.

Vēlaties saņemt visaptverošu Jūs interesējošās nozares aktuālo iepirkumu informāciju?

Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!

SIA Mercell Latvia

Daļa no Mercell grupas – viens no vadošajiem e-iepirkumu platformu un iepirkumu informācijas piegādātājiem Eiropā.

Par uzņēmumu

Par mums
Kontakti

Sazinaties ar mums

Spiediet šeit, lai dotos uz atbalsta lapu

+371 22720771
SIA Mercell Latvia | Dzirnavu iela 37-43, LV-1010 Rīga, Latvija