Storebø skole - totalentreprise (trinn 2)

Informācija

04.08.2026 12:49 (GMT+03:00)
18.06.2024 13:00 (GMT+03:00)
11.06.2024 17:00 (GMT+03:00)

Pasūtītājs

HRP AS HRP AS
Snorre Nøstdahl Snorre Nøstdahl
Dronning Eufemias Gate 16
0190 OSLO
Norvēģija
988889245

Iepirkums ir pārtraukts

Lai saņemtu informāciju par iepirkumiem e-pastā, piesakieties, spiežot uz "Saņemt iepirkumu informāciju" lapas lejasdaļā!

Storebø er ein tettstad og kommunesenteret i Austevoll kommune. Fylkesveg 547, Storebøvegen, går gjennom Storebø. Tettstaden har 1 634 innbyggjarar per 1. januar 2021, mens skulekretsen Storebø har vel 1 200 innbyggjarar. Bygda ligg nord på øya Huftarøy. Austevoll kyrke ligg på Storebø. På Storebø ligg og Austevollbadet, hjørnesteinsbedrifta Austevoll Seafood og of­fshoreselskapet DOF. Storebø skule ligg sentralt på Storebø like ved fylkesvegen. Tomta er sør- og vestvend med flott­ utsikt mot sjøen.

I 2016 var det utført ei større rehabilitering av Storebø skule sidan bygget bar preg av eldre bygningsmasse og ikkje var tenleg etter dåtidas bruk. Etter skulesamanslåinga i 2019, vart skulen for liten tross utbygginga i 2016. For å løyse denne utfordringa vart det sett opp brakkerigg med klasserom for å handtere behovet for areal. I åra som har gått sidan rehabiliteringa har det vist seg at det samansette skulebygget er lite tenleg for dagens måter å drive skule på. Planløysingane er til dels frå ein annan tidsalder og kommunikasjonen i bygga er dårleg. Etasjenivået er forskjellig frå bygg til bygg og dei er dårleg tilgjenge for brukarar med nedsett funksjonsevne. Tilstanden på nokre av bygga, til dømes gymsal, paviljong og ”gamlebygget”, er såpass dårleg at drifts- og vedlikehaldskostnader vert store.

Det nye prosjektet for Storebø skule skal gje Austevoll-samfunnet ein tenleg skule med gode og f­leksible planløysingar tilpassa ein moderne pedagogikk. Det nye skulebygget er dimensjonert for 340 elevar og er basert på elevtal frå Austevoll kommune si saksutgreiing sammen med behovsanalyse for 2023-2043. Skulebygget og uteareala er planlagt for å stetta krav til universell utforming og god tilgjenge for brukarar med nedsett funksjonsevne. Nybygget har eit rasjonelt og f­leksibelt byggesystem med høge krav til energi-e­ffektivitet og robust materialbruk som vil gje låge drifts- og vedlikehaldskostnadar i framtida.

Den nye skulen vil bli ein møtestad for lokalsamfunnet både i og utanom skuletid. Den vil vere ein plass for leik, læring, kultur, idrett og ulike aktivitetar både for organisasjonar og lokalbefolkning.
Dei eksisterande bygga på Storebø skule er frå fl­eire tidsepokar, 1950-, 1990- og 2000-tallet, og tufta på varierande pedagogiske modellar. Bygga har vorte bygd om og tilpassa ny bruk i mange omgangar. Dette har resultert i ein svært samansett bygningsmasse med dårleg samanheng og dårleg intern kommunikasjon. Fleire av bygga har ulike etasjenivå og samanhengen mellom dei er tilfeldig og slett ikkje universelt utforma. Skulebyggets geometri og romdeling er ikkje tilpassa dagens behov og undervisningsform.

Meir informasjon om prosjektet og kontrakten finnes konkurransegrunnlagets del II.

Ved utlysning av konkurransen er det flere av dokumentene som ikke er ferdig utarbeidet. Oppdragsgiver regner med å ha disse dokumentene klare snarlig, og konkurransen vil oppdateres med dokumentene fortløpende.

Šī ir otrā kārta iepirkumam, kas tiek rīkots divās kārtās. Lai apkatītu sākotnējo kvalifikācijas kārtu, spiediet uz saites: Storebø skole - totalentreprise (trinn 1)

Vēlaties saņemt visaptverošu Jūs interesējošās nozares aktuālo iepirkumu informāciju?

Piesakieties Mercell un saņemiet paziņojumus par jaunākajiem iepirkumiem sev svarīgajās nozarēs 7 dienas bez maksas!

SIA Mercell Latvia

Daļa no Mercell grupas – viens no vadošajiem e-iepirkumu platformu un iepirkumu informācijas piegādātājiem Eiropā.

Par uzņēmumu

Par mums
Kontakti
SIA Mercell Latvia | Dzirnavu iela 37-43, LV-1010 Rīga, Latvija