Støtte til å gjennomføre arbeidsmiljøundersøkelse

Informacija apie pirkimą

Konkurencinis dialogas
2016-04-15 15:12 (GMT+03:00)

Informacija apie pirkėją:

Direktoratet for økonomistyring Direktoratet for økonomistyring
Alvhild Misund-Morisse Alvhild Misund-Morisse
Postboks 7154
0130 Oslo
Norvegija
986252932

✅✅✅ Norite gauti tokią informaciją kas rytą? Užpildykite anketą viršuje spausdami "IŠBANDYTI NEMOKAMAI" ✅✅✅

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) inviterer til konkurranse med forhandling etter reglane i forskrift om offentlege anskaffingar del I og del III i samband med støtte til å gjennomføre ei arbeidsmiljøundersøking i DFØ.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) jobbar for effektiv ressursbruk i staten. Vi tilbyr formålstenlege fellesløysingar til statlege verksemder og promoterer god statleg styring.

DFØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring, og vi utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. Hovudoppgåvene til DFØ er å forvalte og formidle kunnskap om etterleving av økonomiregelverket i staten, å forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og den statlege konsernkontoordninga og å levere økonomitenester. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til om lag 75 prosent av alle statlege verksemder. DFØ har òg som oppgåve å gjennomføre analysar og utgreiingar som skal danne grunnlag for å utvikle statleg styring.

DFØ er organisert i to styringslinjer. Vi har ei rekneskapsavdeling i Trondheim og ei lønnsavdeling i Stavanger. I tillegg har rekneskapsavdelinga ei mindre eining for elektronisk fakturabehandling på Hamar. Applikasjonsmiljøa, dei som utviklar programma og tenestene våre for styringslinjene, er lokaliserte i Oslo. Administrasjons- og IT-avdelinga, forvaltings- og analyseavdelinga og direktørstaben er òg i Oslo.

Til saman har DFØ om lag 380 tilsette. 140 av dei jobbar i Oslo.

Meir informasjon om DFØ og organisasjonen vår finn du på www.dfo.no.

DFØ har sidan 2012 gjennomført arbeidsmiljøundersøkingar annakvart år med tilhøyrande oppfølgingsarbeid. Det skal no veljast leverandør for nye arbeidsmiljøundersøkingar. Innan utgangen av 2016 skal det vere gjennomført ei ny arbeidsmiljøundersøking blant alle dei tilsette.

Denne leveransen skal

-vere ei arbeidsmiljøundersøking (ei organisasjonsorientert undersøking), ikkje ei medarbeidarundersøking (ei individorientert undersøking)

-vere eit verktøy for organisasjonsutvikling som gjer at leiinga blir betre til å utvikle humankapitalen til verksemda

-vere eit leiarverktøy som ein ser i samanheng med strategien og måla til DFØ

-gi svar på kva tiltak vi bør setje i verk etter at undersøkinga er gjennomført

-samsvare med krava i arbeidsmiljølova og hovudavtalen i staten

-byggje vidare på arbeidet som er gjort i undersøkingane frå 2012 og 2014.



Kontraktstildeling
Tittel: Støtte til å gjennomføre arbeidsmiljøundersøkelse
Dato for kontraktstildeling: 15-03-2016
Antall mottatte tilbud: 3
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Thomas Hoff AS915464572, Risalleen 30 C, 0776 Oslo, NO.

Mercell Lithuania UAB

Mercell yra vienas iš Europoje pirmaujančių e-pirkimų sprendimų, kuris suveda pirkėjus ir tiekėjus į vieną erdvę. Čia skelbiami viešieji pirkimai, planuojami viešieji pirkimai, privačių įmonių konkursai ir kita informacija.

Kontaktai

Mercell klientų aptarnavimas

+370 655 3 14 21
Mercell Lithuania UAB | Žirmūnų g. 139, LT-09120 Vilnius, Lietuva