Pasiūlymų pateikimo terminas praėjo.
Målet med denne anskaffinga er å inngå kontrakt med inntil tre reklameoperatørar om rett til å utnytte nærare spesifiserte reklameflatar på rullande materiell og kollektivterminalar kommersielt, mot at reklameoperatøren står for drift og vedlikehald, og at oppdragsgivar får et vederlag.
Som eit ledd i førebuinga til denne anskaffinga er det gjort vurdering av om denne kontrakten skal reknast som konsesjonskontrakt eller tenestekontrakt. Definisjonen i forskrift av 7. april 2006 nr. 402 om offentlege anskaffingar § 4-1 bokstav e, tilseier at denne anskaffinga skal gjerast i form av ein tenestekonsesjonskontrakt.
Tenestekonsesjonskontraktar er ikkje omfatta av anskaffingsforskrifta, jf. § 1-3 (2) bokstav j. Oppdragsgivar står dermed fritt i val av konkurranseform. Oppdragsgivar har valt å gjennomføre anskaffinga som konkurranse med forhandling i eitt trinn.
Oppdragsgivar ønskjer ein ryddig og open anskaffingsprosess, og vil gjennomføre anskaffinga i samsvar med anskaffingsregelverkets prinsipp om konkurranse, med ein føreseieleg, gjennomsiktig prosess som skal kunne etterprøvast og være basert på likehandsaming.