Kort beskrivelse
Kommunen ønsker å kjøpe ekstern bistand til utvikling av effektive leiargruppe. Leiarutviklingsstøtta skal byggje på Bang og Middelfart sin teori om Effektive leiargrupper, samt Carol Dweck si forsking på utvikling og læring.
Leverandør skal bistå Øygarden kommune sine ulike leiargrupper med omstilling og effektivisering, og samstundes ha fokus på god kvalitet i leverte tenester til innbyggjarane, samt gode arbeidsmiljø, lågt sjukefråvær, og meistring hjå leiarar og tilsette.
Øygarden kommune ønsker å inngå kontrakt med 1-2 leverandørar. Leverandøren som får høgast score i evalueringa, vil bli tilbydd oppdraga først. Dersom leverandør 1 ikkje har kapasitet til å gjennomføre eit oppdrag, vil oppdraget gå vidare til leverandør 2.