Kort beskrivning
Arbeidet skal utførast som ein totalentreprise etter NS 8407:2011 Alminnelige kontraktsbestemmelser for totalentrepriser.
Det er to skular som skal rivast, Algrøy og Blomvåg skule.
Det skal leverast to framdriftsplanar som inneber parallell drift/gjennomføring.
Alle maskinar og køyretøy som skal nyttas skal driftas elektrisk eller med biogass.
Synfaring og informasjonsmøte:
Tidspunkt for synfaring blir fredag 19. Juni klokka 10.00. Det blir mogleg å stille spørsmål på synfaringa. Spørsmål og svar gitt under synfaring vert protokollført og publiser i konkurransen via Mercell. Me startar/oppmøte på Algrøy Skule og køyrarvidare til Blomvåg etterpå. Påmelding til synfaring gjerast innan 18. Juni i Mercell.
Kontraktarbeidet omfattar følgjande:
Algrøy skule:
Gamle delen ved Algrøy skule skal sanerast og rivast. Den aktuelle bygningsdelen som skal rivast er oppført i 1954 og representerer den eldste delen av skulen. Omfanget av rivinga, inkludert rivesnitt og avgrensing av tiltaket, går fram av vedlagt kartskisse.
Cowi har utarbeida miljøsaneringsrapport for delar av bygget som skal rivast. Denne vert lagt til grunn for oppdraget. Rapporten er berre retningsgivande, entreprenøren har alt ansvar for avvik mellom rapporten og faktiske mengder og avvik gir ikkje entreprenør noko rett på vederlagsjustering eller fristforlengning.
Lausøyre på bygget skal fjernast av entreprenør. Omfanget er basert på det som syner på synfaringa. Valt entreprenør skal prosjektere vidare på eksisterande grunnlag, og utføre sanering og riving til oppgitt fastpris i Del II –Kontraktsgrunnlaget Bilag 1 Prisskjema Algrøy og Blomvåg skule
Blomvåg skule:
Delar av Blomvåg skule skal miljøsanerast og rivast. Skulen består av fleire bygningar, og det er delen frå 1963 med tilhøyrande tilbygg frå 1992, samt modulbygg satt opp i 1995 og 2006 som skal rivast. Omfanget av rivinga, inkludert rivesnitt og avgrensing av tiltaket, går fram av vedlagt kartskisse.
Cowi har utarbeida miljøsaneringsrapport for delar av bygget som skal rivast. Denne vert lagt til grunn for oppdraget. Rapporten er berre retningsgivande, entreprenøren har alt ansvar for avvik mellom rapporten og faktiske mengder og avvik gir ikkje entreprenør noko rett på vederlagsjustering eller eller fristforlengning.
Lausøyre på bygget skal fjernast av entreprenør. Omfanget er basert på det som syner på synfaringa. Valt entreprenør skal prosjektere vidare på eksisterande grunnlag, og utføre sanering og riving til oppgitt fastpris i Del II –Kontraktsgrunnlaget Bilag 1 Prisskjema Algrøy og Blomvåg skule
Planlagt oppstart for arbeida er 03.08.2026 og siste frist for overtaking er 01.11.2026(dagmulktbelagt)