Kort beskrivning
Det er mangel på omsorgsbustader for unge vaksne i Øygarden kommune. Dette er ein brukargruppe beståande av ungdom og unge vaksne som treng hjelp og støtte til å etablere seg i eigen bustad. Brukargruppa har ofte samansette utfordringar og treng tilpassa heildøgns helse- og velferdstilbod. Bustadkomplekset skal byggast med personalbustad for heildøgn omsorg.
Føremålet med anskaffinga er å inngå kontrakt for ombygging av Terna barnehage til omsorgsbustad for unge vaksne. Ombygginga skal gjennomførast som ein totalentreprise etter NS 8407.
Det vil bli halde tilbodssynfaring/tilbodskonferanse fredag 20.02.2026 kl. 10:00. Adresse: Ternholmvegen 59, 5337 Rong. Dei som ynskjer å delta kan melde seg på skriftleg gjennom kommunikasjonsmodulen i Mercell.