Anskaffinga gjeld totalentreprise for bygging av ny barnehage ved Onarheim på Tysnes. Prosjektet Onarheim barnehage går ut på å bygga nytt bygg for barnehage med opparbeida uteområdet. Ein skal opparbeide ny innkøyring og ny parkeringsplass som skal nyttast av både skule og barnehage. Gangveg og sti skal opparbeidast for å kople saman områda vest og aust for tomta. Den nye barnehagen kjem på Tysnes kommune sin tomt bak Onarheim skule. Mellom barnehage og skule er området regulert for nærmiljøanlegg, dette er ikkje ein del av totalentreprisen. Kontraktarbeidet omfattar oppføring av ny bygningsmasse, opparbeiding av utearealet og alle tilhøyrande arbeider som følgjer av desse tiltaka. Alle tiltak skal utførast som komplette løysingar, der alle areal er ferdige og klar til bruk ved overlevering.
Kontraktstildeling
Dato for kontraktstildeling: 11-06-2023
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Andersland bygg as, Dalsvegen 36, 5685 Uggdal, NO, E-post:
atle@andersland-bygg.as.