Closing date has passed.
Årdal kommune og Lærdal kommune (heretter kalla oppdragsgjevar) skal inngå ny rammeavtale for kjøp av ikt-utstyr, ikt-tenester, telefonar og microsoftlisensar. Vi ynskjer parallelle rammeavtalar med minimum tre leverandørar. Leverandørar som skal levere tilbod må gjere det på heile anskaffinga. Vi treng driftspartnerar som kan hjelpe oss å nå måla våre i digitaliseringsstrategien. Desse må kunne tilby eit breidt spekter med varer og tenester og ha høg digital kompetanse.
Vi ser for oss ein IT kvardag der vi er på veg bort fra lokalt drifta datasenter i kommunen (Årdal kommune er i dag vertskommune) til skyløysingar. Kanskje i fyrste omgang ei hybrid løysing med kombinasjon av sky og lokale løysingar. Sikker digitalisering er viktig for oss, så leverandør må ha god kjennskap til kommunemarkedet. All kommunikasjon og alle dokument i denne konkurransen skal føregå/leverast på norsk. Det gjeld også for gjennomføringa av rammeavtalen.