HFK-16-0190 Rammeavtale for eventtenester knytt til Europeisk mobilitetsveke (EMU) i Bergen

Information

Competitive dialogue
6/29/2016 8:06 AM (GMT+02:00)
8/4/2016 12:00 PM (GMT+02:00)

Buyer

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Marte Hustveit Hauge Marte Hustveit Hauge
Postboks 7900
5020 Bergen
Norway

Closing date has passed.

Short description

Europeisk mobilitetsveke (EMU) vert årleg markert i kring 2 000 byar i Europa frå 16. – 22. september. Målsettinga er å fremme miljøvennleg transport og oppmode til å la bilen stå. I løpet av veka vil byane som deltek gjennomføre ulike arrangement for å promotere sykkel, gange, kollektivtransport og samkøyring. Eit av dei større tiltaka i veka er å arrangere «Bilfri dag», der ei gate eller eit byrom skal vere stengt for bilar ein periode. Målet er å vise korleis eit sentrumsområde kan vere utan biltrafikk. Kvart år er det eit nytt slagord for EMU, og i 2016 er dette «Reis smart. Det lønner seg».

I Bergen er Bergensprogrammet arrangør for EMU. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune (HFK), Bergen kommune, og Statens vegvesen. Partane arbeider med tiltak retta mot kollektivtilbod, gang-sykkelvegar, miljøprosjekt, tiltak for betre trafikktryggleik, sentrumstiltak og nye vegprosjekt. Bergen kommune har prosjektleiaransvaret, mens HFK ved samferdselsavdelinga er ansvarleg for innkjøpet og er kontraktspart.

Hordaland fylkeskommune ønskjer å inngå rammeavtale om levering av eventtenester i samband med gjennomføringa av Europeisk mobilitetsveke i Bergen. Årleg er det tre hovudaktiviteter som finn stad under EMU. I tillegg må Leverandør vere førebudd på ytterlegere aktivitatetar som vert avtalt nærare i samband med planlegginga av veka.

Komplette konkurransedokument finst på: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00