Oppdragsgjevar vil inngå rammeavtale med éin leverandør om mattesonar/reinhaldssonar. Avtalen omfattar følgjande:
• Faste matter (ikkje heillimt til golv, men som limast/teipast i kantane)
• Innvendig og utvendig avskrapingsmatte
• Utstyr som er nødvendig for reinhald og vedlikehald av faste matter
• Opplæring i bruk av utstyr og rutinar for reinhald og vedlikehald av faste matter
• Montering av faste matter, inkludert fjerning av eksisterande matter der det er nødvendig
• Enkel rådgjeving for val av stoff, fargar og liknande i samband med avrop/bestilling
Avtalen består av eit hovudsortiment nedfelt i Bilag 5 Vedlegg 1 «Prisskjema», og eit tilleggssortiment beståande av produkt som heng saman med hovudsortimentet og som er i tråd med Rammeavtalens formål.