Hanke lühikirjeldus
Hjelmeland kommune gjennomfører ei open anbodsrunde for å finne ein prosjektleiar til å leia arbeidet med samlokalisering av Årdal og Hjelmeland omsorgssenter.
Det er tidlegare utarbeida ein moglegheitsstudie for samlokalisering i Hjelmeland.
Det nye omsorgssenteret skal innehalde desse tenestene:
• Heildøgnsinstitusjon for langtid (sjukeheim)
• korttid
• heimeteneste
• ergoterapeut
• dagsenter
• omsorgsbustadar
Dersom kommunen skal drifta produksjonskjøkken bør dette vera samlokalisert med omsorgstenestene. Lokalt hjelpemiddellager lokaliserast i Hjelmeland sentrum.
• For å kunne utnytte alle fordelane med ei samlokalisering, må det planleggast for ein trinnvis utvikling av området til eit fleirfunksjonelt og framtidsretta helsetun, med både omsorgssenter, helsehus, rop-bustadar, ambulansestasjon og andre aktuelle helserelaterte tenester.
• Prosjektet skal utarbeide ein plan for etterbruk for, med tanke på utvikling av eit leilegheitsbygg med ulike fellesfunksjonar
Det blir vist til vedlegg kravspesifikasjon for nærare omtale av prosjektleiaren sine arbeidsoppgåver og andre krav knytte til rolla.