Hanke lühikirjeldus
Prekvalifiserte tilbydarar skal utforma tilbodet sitt på norsk jf. FOA § 7-7 og i elektronisk i pdf-format. Ein sladda kopi skal leggjast ved, sjå pkt. 4.3.
Dersom tilbodet inneheld avvik frå konkurransegrunnlaget skal tilbydar tydeleg opplyse om dette i tilbodsbrev med grunngjeving og konsekvens. Der pris/risiko kan bereknast, bør berekninga syna i tilbodet.
Ber om at tilbodet blir utforma i samsvar med disposisjonen i dette konkurransegrunnlaget. Leverandør er sjølv ansvarleg for at alle spørsmål, krav og avklaringspunkt er dokumentert i tilbodet. Oppdragsgjevar ber om at tilbydaren nummerer dokumenta slik som det er vist under.
1. Tilbodsbrev utfylt og signert av ansvarleg representant for leverandøren.
2. Utfylt prisskjema og løysingsforslag
3. Utfylt Tilbydars atterhald.
4. Ein kopi av tilbodet kor forretningsløyndomar er sladda.