Anbod 2016 - Forvaltningsrevisjon

Information

Open procedure
8/30/2016 9:55 AM (GMT+02:00)
10/17/2016 12:00 PM (GMT+02:00)

Buyer

Sogn og Fjordane fylkeskommune Sogn og Fjordane fylkeskommune
Katrine Wilson Katrine Wilson
Askedalen 2
6863 Leikanger
Norway
941388841

Closing date has passed.

Short description

Det skal etablerast ein rammeavtale med ein leverandør for å dekke Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt behov for forvaltningsrevisjon dei neste to åra. Avtalen vil ikkje omfatte rekneskapsrevisjon og selskapskontroll. Det er behov for kompetanse innan mange område, med hovudvekt på dei følgjande:

•Opplæring

•Regional utvikling

•Samferdsel

•Tannhelse

•Offentleg forvaltning

•Forvaltningsrett/Offentleg rett

•EU/EØS-rett, særleg offentlege anskaffingar og offentleg støtte

•Kontraktsrett/Entreprise

Lista er ikkje uttømmande. Det er krav til å kunne utføre forvaltningsrevisjon innafor fylkeskommunen sitt verkeområde i samsvar med den til ein kvar tid gjeldande Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommuneloven) med forskrifter heimla i kommunelova, god kommunal revisjonsskikk og kjente, etablerte standardar på området, som eksempelvis RSK 001. Tilbodet må inkludere alle dei nemnde områda - tilbydar kan ikkje gje tilbod berre på deler av oppdraget.

Oppdragsgjevar vil prioritere dei områda som det er aktuelt å revidere. Dagens plan for forvaltningsrevisjon er vedlagt (sjå vedlegg 7). Ny plan for forvaltningsrevisjon skal vedtakast på fylkesting hausten 2016. Denne planen vil vere grunnlag for val av forvaltningsrevisjonsprosjekt. Omfanget av oppdraga skal avtalast i det einskilde høve.

I tillegg kan det verte aktuelt å få utført andre timebaserte utgreiingar etter bestilling frå oppdragsgjevar.

Det kan verte aktuelt for oppdragsgjevar å be tilbydar om å utarbeide overordna analyse som grunnlag for plan for forvaltningsrevisjon. Overordna analyse skal utarbeidast i høve til den til ein kvar tid gjeldande lov om kommunar og fylkeskommunar (Kommunelova), og vere ein analyse av fylkeskommunen si verksemd ut frå ei risiko/vesentlegheitsvurdering med sikte på å identifisere behovet for forvaltningsrevisjon på dei ulike sektorar. Timepris for denne tenesta skal følgje timeprisen elles i tilbodet.

Opplæring

Tilbydar skal legge fram forslag om, og halde kurs for oppdragsgjevar. Tema skal avtalast ved det einskilde høvet. Omfanget skal reknast til ein kursdag pr. år. Dette skal vere vederlagsfritt.

Rapportering og kommunikasjon

All korrespondanse med fylkeskommunen skal skje på norsk. Oppdragsgjevar nyttar nynorsk målføre. Rapportar til politiske organ skal derfor skrivast på nynorsk.

Møte

Revisor skal møte i kontrollutvalet når forvaltningsrevisjonsprosjekt utarbeidd av revisor vert handsama. Tilbydar må ha mogelegheit for å kunne delta i videomøte, dersom reiseavstand gjer dette føremålstenleg. Tilbydar har plikt til å møte i fylkestinget når saker som har tilknyting til tilbydar sitt oppdrag skal handsamast. Dette skal inngå som ein del av oppdraget.

Sjå elles vedlegg 1 for krav knytt til leveransen.

Files (click "Show interest" to get access)

Name Size
Konkurransegrunnlag forvaltningsrevisjon.docx 162 KB
Vedlegg 1 Kravspesifikasjon-tilbodsmal.docx 44 KB
Vedlegg 2 Eigenerkl%C3%A6ring om teieplikt.docx 34 KB
Vedlegg 3 Atterhald.doc 209 KB
vedlegg 4 Eigenerklaring om l%C3%B8ns- og arbeidsvilk%C3%A5r.docx 18 KB
Vedlegg 5 Tilbode personell.xlsx 12 KB
Vedlegg 6 - Avtalevilk%C3%A5r.docx 40 KB
Vedlegg 7 - Plan for forvaltningsrevisjon.pdf 480 KB

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00