System for oppfølging av transportkontrakter

Information

10/14/2015 5:25 PM (GMT+02:00)

Buyer

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Gudrun Einbu Gudrun Einbu
postboks 7900
5020 Bergen
Norway
938626367

Short description

Skyss ønskjer å nytta ei systemløysing for oppfølging av transportkontraktar. Systemet bør vere til støtte for både operatør og oppdragsgjevar i arbeidet med å følgje opp kontraktane, og fungere som dokumentasjon av dette arbeidet. Det er ønske at systemet mellom anna gir:

•oversikt over bussparken

•oversikt over krav i dei ulike kontraktane (kvalitet, universell utforming, ekstrautstyr, miljø)

•moglegheit til å hente ut relevante rapportar/nøkkeltal til utviklingsarbeid og rapportering.

Det er ønske om eit system som er utprøvd og driftssikkert, og at leverandør har erfaringar frå aktørar som tilsvarer Skyss. Det er ønska å kjøpe tenester frå eit webbasert system, heller enn å anskaffe systemet.

Skyss ønskjer å ta systemet i bruk i forkant av oppstart av nye kontraktar i august 2016.

Skyss inviterer med dette interesserte tilbydarar til å sende inn ein overordna og funksjonell skriftlig presentasjon av systemet som kan tilbyast. Det er eit ynskje om at dei løysningsforslag som blir presentert er oversiktlig og av beskjedent omfang.

Presentasjonen kan sendast til:

E-post: Gudrun.Einbu@skyss.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til; Gudrun Einbu Mob. : 99 15 80 84

Leverandørar som ønskjer å presentere sine løysingsforslag i møte med Skyss vil bli invitert til Dialogmøte. Dialogmøta vil bli gjennomført som einskildmøter med ein og ein leverandør, og det er ønskjelig at leverandørane bidreg med informasjon og presentasjon av løysningsforslag.

Skyss planlegg å gjennomføra dialogmøta 2.desember 2015. Dialogmøta vil bli gjennomført på norsk. Det vil bli gjort individuelle avtalar med interessentar om tid og stad for møte. Skyss ser for seg at kvart møte vil vara inntil 1,5 timar.

Leverandører som ønsker å bli invitert til dialogmøte, må sende en e-post med forslag til møtetidspunkt til:

Gudrun.Einbu@skyss.no

Skyss tek atterhald om å berre kalle inn interessentar som tilbyr eit system som løyser det behovet Skyss har presentert her.

Det er og mogeleg å be om å få sende inn beskriving av systemet/tenesta som svar på skyss sitt behov utan å gjennomføre ein-til-ein møte. Ein skriftlig utgreiing av systemet bør helst ikkje innehalda meir enn 5 A4-sider.

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00