Dialogkonferanse- Strategiforum for kollektivtransport

Information

2/25/2013 2:08 PM (GMT+01:00)

Buyer

Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune
Gudrun Einbu Gudrun Einbu
postboks 7900,
5020 Bergen
Norway

Short description

Skyss etablerer våren 2013 ein arena for gjensidig informasjons- og erfaringsutveksling og drøfting av strategiske problemstillingar med operatørane – «strategiforum». Forumet er meint for både eksisterande og potensielle operatørar av kollektivtransporttjenester, herunder drift av bane, buss, snøggbåt og ferje. Vi understreker at dette er eit forum for øvste leiarnivå. Sjå vedlegg for meir om rammene for strategiforumet.

Vi inviterer med dette til første møte i strategiforumet 20. mars, kl. 13:30-15:30. Møtet vil bli avhalde i Bergen. Vi vil kome tilbake med informasjon om lokaler.

Agenda for første møte vil vere:

1. Orientering om og etablering av strategiforumet

2. Orientering om arbeidet med kollektivstrategi for Hordaland

3. Innspel til strategi for bussanlegg

I punkt 3 på agendaen ønsker vi å få innspel til arbeidet med strategi for bussanlegg i Hordaland. Vi inviterer operatørane til å førebu presentasjonar (5 minutt) med erfaringar og synspunkt på følgande spørsmål:

- Bør Skyss/HFK stille bussanlegg til disposisjon for operatørane?

- Dersom ja - i kva rutepakkar bør ein stille anlegg til disposisjon?

- Kva bør eit bussanlegg innehalde?

Vi bed om at dei som ønsker å delta melder seg på til Gudrun Einbu, via e-post (gudrun.einbu@skyss.no). Dei som ønsker tid til å presentere sine innspel må opplyse om dette i påmeldinga.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=284726.

Files (click "Show interest" to get access)

Name Size
Rammer_for_strategiforum.pdf 241 KB
Strategiforum_-_invitasjon_til_leverandørar_av_kollektivtransporttenester.pdf 130 KB

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00