Short description
Dette er en forespørsel om informasjon fra markedet (RFI).
Skyss førebur konkurranse om drift av ulike ferjesamband i Sogn og Fjordane og til Osterøy. Følgjande ferjesamband inngår i førebuingsarbeidet:
• Måløy–Oldeide–Husevågøy
• Isane–Stårheim
• Askvoll–Fure–Værlandet
• Rysjedalsvika–Rutledal–Krakhella–Losna
• Askvoll-Fure-Gjervik (opsjon)
• Hisarøy–Mjånes
• Breistein-Valestrand
Det vart sendt ut to marknadsførespurnader i 2023, vår og haust, knytt til desse sambanda. Basert på blant anna dei innkomne innspela frå marknaden vart forslag til ulike krav og løysingar lagt fram for politisk handsaming i februar 2024.
Skyss er no bedt om å sjå på konsekvensane ved å korte ned responstida for reserveferjer ved driftsavvik som følgje av problem med hovusferja, samt sjå på korleis eit skyssbåttilbod kan utvidast. Skyss har difor behov for innspel frå marknaden knytt til responstid for reservefartøy og bruk av skyssbåt.