Short description
Vindafjordhallen brann ned 22.7.2019. Bygget vart reist i 1993 og bestod i hovudsak av svømmehall for Vindafjord kommune og bygdahus for bygda Vats. Vindafjord kommune er eigar av bygget og tomta. Vindafjordhallen SA har etter avtale med kommunen stått for drifta av både svømmehall og bygdahus.
I kommunestyresak 032/20 vart det gjort vedtak at det skal gjennomføras ein moglegheitsstudie for den nye Vindafjordhallen i Vats.
Moglegheitsstudien skal utarbeidast for å danne eit så godt som mogleg beslutningsgrunnlag for kva innhaldet i bygget som skal reisast skal vera og kva driftskonsekvensene vil vera. Kommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon, og er avhengig av å finne økonomisk gode løysingar. Samtidig ønskjer ein eit bygg som bidreg til aktivitet og folkehelse for innbyggarane i kommunen.