Kommunane Fjell/Sund og Øygarden slår seg saman den 01.01.2020 til ein ny kommune - "Nye Øygarden kommune". I samband med dette skal det gjennomførast anskaffing av nytt fagsystem for kart (GIS-system) og innsynsløysing.
HøyringGjennom å leggja utkast til kravspesifikasjonen på høyring, ønskjer vi å få ein kvalitetssikring av anbodet opp mot leverandørar i marknaden. Vi ønskjer tilbakemelding frå leverandørane på:
- Om det er krav og skildringar som er uklare og/eller unøyaktige
- Om det er punkt som verker konkurransevridande
- Om det er punkt som er overflødige (sjølvsagte)
- Om det er punkt i kravspesifikasjonen der vi bør be om utførleg skildring
Ved innsending av innspel til høyringa skal det ikkje leggjast ved brosjyre- og reklamemateriell. Innspel skal vere på norsk.
Frist for tilbakemelding: 12. februar 2019 kl.12.00.