Kort beskrivelse
Den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal i Vestland fylke skal oppgraderast. Tunnelen oppfyller ikkje alle krav i Tunnelsikkerhetsforskriften, og krava til elsikkerheit har endra seg sidan tunnelen vart opna i år 2000. Det er omfattande tiltak som må gjennomførast for at tunnelen skal oppfylle dagens standardkrav.
Sprengingsarbeida i hovudløpet skal utførast som nattarbeid, og i denne perioden vil tunnelen vere stengt frå kl. 18.00 til 06.00.
Dette er eit svært inngripande tiltak, spesielt med tanke på lokaltrafikken, som i realiteten ikkje har noko omkøyringsalternativ.
Som avbøtande tiltak skal det derfor settast opp eit kollektivtilbod mellom Aurland og Lærdal, på ettermiddags/kveldstid.
Persontransporten skal gå gjennom stengt tunnel med pågåande anleggsarbeid. Transporten skal gå etter ei fastlagd rute, og passasjerane må bestille plass på førehand. Før kvar tur må anleggsleiinga kontaktast for å klarere at det er farbart gjennom tunnelen.
Sjåførane må gjennomgå spesialopplæring med HMS-gjennomgang før arbeida startar opp.