Voss herad planlegg å kunngjere konkurranse om eit moderne og brukarvenleg skybasert elektronisk pasientjournalsystem (EPJ) for å forbetre helse- og omsorgstenestene i kommunen. I samband med dette ynskjer vi tilbakemelding på kva løysingar som finst i marknaden og som kan dekke Voss herad sitt behov.
I vedlagt dokument kjem det fram kva overordna behov EPJ-systemet må løyse.
Vi ber potensielle tilbydarar ta kontakt på e-post:
[email protected] innan
15. januar kl. 12:00 og gje oss tilbakemelding på om- og korleis deira system oppfyller krava og lever opp til dei nemnde behova.
Det bes om at den skriftlege tilbakemeldinga inneheld:
- Oversikt over løysingas hovudfunksjonar
- Døme på bruk i andre kommunar eller helseføretak
- Teknisk arkitektur og moglegheiter for tilpassing
- Implementerings- og opplæringsstøtte
Vi ser fram til innspel som kan bidra til å forme ein framtidig anbodsprosess og sikre best mogleg tenester for innbyggjarane.