Kort beskrivelse
Øygarden kommune vil inngå konsesjonskontrakt med inntil 6 leverandørar for brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Dette inneber at brukarar som har vedtak om BPA kan velje ein privat leverandør. Det er om lag 20 brukarar i Øygarden kommune som har behov for BPA.
Øygarden kommune inviterer difor leverandørar til å søkje om tildeling av konsesjon i samanheng med levering av assistansetimar i ordninga brukarstyrt personleg assistanse til brukarar i kommunen. Inntil 6 av dei beste leverandørane som oppfyller kvalifikasjonskrava og minstekrava vil få tildelt konsesjon.