Invitasjon til synfaring og dialogmøte vedr møblar/innredning til kommunestyresalen i Kvam rådhus

Information

03.07.2013 19:08 (GMT+02:00)

Buyer

Kvam kommune Kvam kommune
Jahn Brattli Tolo Jahn Brattli Tolo
Grovagjelet 16,
5600 Norheimsund
Norwegen

Short description

Kvam herad skal oppgradera kommunestyresalen og inviterer i den forbindelse til synfaring av lokalet i Kvam rådhus mandag 12. august frå kl. 13.00. Adressa er Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Kvam herad ynskjer dialog med interesserte tilbydarar av møblar/innredning til utrustning av lokalet. Salen skal oppgraderast med nye bord, stolar, talarstol og evt møtebord. Lokalet skal samstundes utrustast med nytt AV-utstyr så det er ynskjeleg å sjå på løysingar som integrerer dette og gjev funksjonell design og bruk.

Det vert lagt opp til ein felles gjennomgang av lokalet og presentasjon av våre behov, etterfulgt av éin-til-éin møte med representantar frå kommunen for dei som ynskjer dette. Tidspunkt vert avtala med kvar enkelt interessent etter påmeldinga.

I etterkant av møtet vil det bli anledning til å senda inn utfyllande materiale for dei som ynskjer. Basert på innspel og anna motteke material vil kommunen utarbeide eit konkurransegrunnlag for anskaffelse av møblar. Budsjettramma for anskaffelsen ligg i intervallet frå kr. 50.000,- til kr. 250.000,-. Pris er eit viktig kriterie, men også at møblane er av god kvalitet og komfortable å nytta. Alle som melder si interesse på Doffin vil bli invitert til å delta i konkurransen. Deltakelse på synfaring og dialogmøte vil ikkje gje noko fortrinn eller diskvalifisere leverandørar frå den komande anskaffelsen. Målet er å senda ut invitasjon til konkurranse ultimo august.

Påmelding til synfaring og møte skal sendast innkjøpsansvarleg Jahn Brattli Tolo på epost jahbra@kvam.kommune.no innan mandag 5. august.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=299884.

Mercell Germany

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 60
Mercell Germany | Askekroken 11, 0277 OSLO, Norwegen