Utbygging av mobildekning

Information

Negotiated procedure
2/23/2012 3:26 PM (GMT+01:00)
3/22/2012 12:00 PM (GMT+01:00)
3/7/2012 12:00 AM (GMT+01:00)

Buyer

Radøy kommune Radøy kommune
Harald Stanghelle
Radøyvegen 1690,
5936 Manger
Norway

Closing date has passed.

Short description

Radøy kommune, med sine 269 øyar, holmar og skjer, ligg sentralt plassert i Nordhordland. Avstanden frå Bergen sentrum til kommunesenteret Manger er 45 km. Samla areal er 111 kvadratkilometer, og folketalet er omlag 4800. Over 80 % av landarealet ligg lågare enn 60 m.o.h., og høgste toppen er Morkenfjellet med 217 m.o.h.

I delar av kommunen er det i dag manglande mobildekning med bakgrunn i utfordrande landskap.

Heile eller delar av følgjande område er i dag utan mobildekning eller har manglande mobildekning: Sletta – Nordanger – Straume, Vågenes – Kvalheim, Kvamme – Tjore, Lundsdalen og Solendfjellet.

Desse områda er ikkje aktuelle for privat utbygging. Både husstandar, næringsliv, offentleg drift og vegar vil verta dekkja av ei utbygging i desse områda.

Mobildekning for alle innbyggarar er i dag eit nasjonalt mål. Manglande dekning for mobil er utfordrande for eksisterande næringsliv og kan hindre vidare utvikling og vekst i bygdene.

God infrastruktur i form av god mobildekning og breiband kan legge til rette for å etablere bedrifter og arbeidsplassar.

For den kommunale tenesteproduksjon er manglande mobildekning ei utfordring. Blant anna er det ein barnehage og ein barneskule som har manglande mobildekning. Kommunale- og fylkeskommunale vegar er og utan dekning. Omsynet til beredskap i desse områda veg og tungt for kommunen.

Målsetjinga til Radøy kommune med anbodet er å gjennomføra utbygging for å sikra mobildekning for alle innbyggjarar og næringsliv i dei områda som er inkludert i konkurransegrunnlaget.

Radøy kommune ynskjer leverandørar som aktivt bidrar til å oppnå alle målsetjingar innanfor dette konkrete prosjektet og dei gjeldande områda.

Merk: For å melde din interesse i denne kunngjøringen og motta tilleggsinformasjon vennligst besøk Doffin nettsiden http://www.doffin.no/Search/Search_Switch.aspx?ID=251068.

Files (click "Show interest" to get access)

Name Size
Avtale_med_leveransevedlegg_Utlysing.doc 291 KB
Lifjell.jpg 357 KB
Lundsdalen.jpg 341 KB
Mobildekning_Hella_Marøy.jpg 484 KB
Mobildekning_Sletta_Straume.jpg 448 KB
Olsvoll_Tjore.jpg 422 KB
Oversikt.jpg 205 KB
Tilbudsinstruks_Utlysing.doc 90 KB

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00