Havforskingsinstituttet i Bergen skal anskaffe eit nytt høgpresisjons salinometer. Det skal brukast til analyse av vassprøver i eit referanselaboratorium for kalibrering av konduktivitetsmålingar frå andre instrument, som skipsmonterte CTD-ar. Instrumentet må alltid vere operativt, og god teknisk support er derfor viktig.
Instrumentet skal vere:
- Brukarvennleg, sikkert og intuitivt i dagleg drift.
- Robust og eigna for hyppig, gjentatt bruk i eit forskingslaboratorium.
- Lett å kalibrere og vedlikehalde, med god tilgjengelegheit av forbruksvarer og reservedelar.
- Instrumentet skal kalibrerast med IPSO vatn.