HFK ønskjer å inngå rammeavtale om kjøp av refleksprodukt. Årleg kjøp av refleksprodukt er anslått å utgjere mellom 200 000 - 300 000 kr ekskl. mva.
Føremålet med denne anskaffinga er å bidra til å auke trafikktryggleiken for innbyggjarane i fylket som del av målsetjinga i den nasjonale nullvisjonen. Eit av verkemidla for å nå dette målet er å gjera folk bevisst på kva effekt refleksbruk har.
Det skal delast ut refleksprodukt til innbyggjarar i alle aldersgrupper, men med særleg fokus på born og eldre.
For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med ein leverandør. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 +1 år, til saman maksimalt 4 år.
Tilbodet skal leverast på elektronisk format i leverandørportalen til HFK. Adresse til leverandørportalen til HFK er: https://anskaffingar.hfk.no/Avantra/Customer/Hordaland/Modules/Purchase/Published/