Lyhyt kuvaus
Vaksdal Kommune ynskjer å kartlegge marknaden for drift og/eller leveranse av toppsystem.
Byggningsmassen til Vaksdal kommune består hovudsakleg av barnehagar, skular, idrettshallar og helse-/omsorgsbygg for ulike kommunale tenester. I tillegg har kommunen ulike installasjonar innanfor VA-anlegg som høgdebasseng, vassreinseanlegg, pumpestasjonar og kloakkpumpestasjonar. Vaksdal kommune har i dag etablert eit felles toppsystem for overvaking av dei tekniske installasjonane. Toppsystemet blir nytta dagleg av driftspersonell for styring/regulering, overvaking av lokale tekniske system, lokal automatikk og VA-anlegg som kommunen har ansvaret for. Eksisterande toppsystem er levert av Normatic. I tillegg er det nokre anlegg frå EM-system som ikkje er kopla opp mot Normatic sitt toppsystem. Desse skal på sikt integrerast i det same toppsystemet.