Lyhyt kuvaus
Vestland fylkeskommune har fått i oppdrag å sette opp ein rammeavtale for trygge sykkelparkeringar, på vegne av Miljøløftet. Brukarne av rammeavtalen vil vere følgjande kommunar: Alver kommune, Askøy kommune, Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune, Øygarden kommune.
Pakke 1
For pakke 1 ynskjer oppdragsgjevar oppbevaringsløysning for syklar, som skal vere mobil og lukka, til dømes ein boks eller liknande. I denne løysninga er det viktig at sykkelparkeringa kan flyttast rundt i forskjellige bybilete i dei kommunane som skal nytte avtalen.
Pakke 2
For pakke 2 ynskjer vi ei fastmontert trygg parkeringsløysing for syklar, denne løysingen skal vere utforma meir som eit tradisjonelt sykkelstativ, men med høgare grad av tryggleik. I denne løysninga er det viktig at sykkelparkeringa er arealeffektiv og kan fastmonterast i forskjellige bybilete, i dei kommunane som skal nytte avtalen