Lyhyt kuvaus
Voss herad skal byggja ny hovudbrannstasjon på Tvildemoen i Voss, med god kvalitet og levetid.
Føremålet med anskaffinga er å inngå kontrakt om totalentreprise for oppføring av komplett brannstasjon på Tvildemoen. Prosjektet omfattar prosjektering, søknader inkludert godkjenning frå Arbeidstilsynet, og komplett gjennomføring av alle bygningstekniske, bygningsmessige og installasjonstekniske arbeid for eit bruksklart bygg/brannstasjon. Det er utarbeidd forprosjekt og skisseteikningar av Mad arkitekter AS og Nomad AS. Forprosjektet er eit utgangspunkt for den vidare detaljerings-/prosjekterings-/byggefasen. Vedlagde teikningar og skildringar viser korleis byggherren tenkjer seg prosjektet utført. Det skal byggjast ein framtidsretta brannstasjon med ein god miljøprofil. Dette skal totalentreprenør ta hand om ved val av materialar og løysningar.