Lyhyt kuvaus
Levere, vedlikehalde, supplere, rådgjeving og administrasjon av Microsoft-lisensar.
Voss herad har i dag ein avtale på kjøp av Microsoft-lisensar som går ut i løpet av året. Det vert difor lyst ut eit anbod med mål om å inngå ei Enterprise Agreement avtale med ein sertifisert LSP (Licensing Solution Provider).
I tillegg til å vera eit bindeledd mellom Voss herad og Microsoft for leveranse av lisensar er det eit ynskje å sjå på effektivisering av prosess kring bestilling og tildeling av officelisensar til sluttbrukar i lag med ny samarbeidspartnar.