Информация о тендере
Øygarden kommune ved kommunalsjefområde oppvekst skal inngå rammeavtaler for kjøp av opplærings-plassar med to eller fleire leverandørar som tilbyr slike tenester.
Alternativ opplæringsarena vert tilbydd elevar som ikkje får tilstrekkeleg utbytte av kommunens ordinære grunnskuleopplæring.
Eit overordna mål for opplæringa ved den alternative opplæringsarenaen er å gjere den enkelte elev i stand til å ta i bruk kommunens sitt ordinære skuletilbod.
Dei fleste elevar som vil vere aktuell for tilbodet om alternativ opplæringsarena, er elevar med ulike utfordringar som til dømes adferdproblem, skulevegring, tilbake-trekking, utagering, funksjonshemming, og lese- og skrivevanskar. Tilbydar skal ta omsyn til dette i tilbodet.