Statens vegvesen skal utbetre fendring på rv. 13 Hella ferjekai i Sogndal kommune. På ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes ligg Hella ferjekai. Begge sider av piren på Hella ferjekai er trafikkert av ferjeselskap Norled. Fendring skal skiftast ut på begge sider av piren.
Prosjektet skal gjennomførast teikningsbasert.
Prosjektet omfattar følgande hovudmengder:
Riving av eksisterande fendring
Kjerneboring
Forskaling: 200 m2
Betong: 60 m3
Armering: 8 tonn
Fenderpanel: 18 stk
Fenderdekk: 40 stk
Diverse elektroarbeid
Diverse kaiarbeid med pullere, kaikantlister o.l.
Årsdøgntrafikk (ÅDT) er om lag 650 med ein andel lange køyretøy på 12 % (tal frå 2020).