Информация о тендере
Musea i Sogn og Fjordane skal fornye sin visuelle identitet og ynskjer tilbod på ny visuell profil. Arbeidet skal ferdigstillast seinast hausten 2021.
Musea i Sogn og Fjordane vart konsolidert i 2009, men har ikkje fått utarbeidd felles visuell profil. Organisasjonen opplevast både internt og ekstern som utydelig og utan samlande visuelle kvalitetar. Med ein ny visuell identitet ynskjer Musea i Sogn og Fjordane å syne og understreke heilskapen i organisasjonen, og sikre profesjonell og god profilbruk internt og eksternt.
Sjå fullstendig skildring av oppdraget i konkurransegrunnlaget som ligg ved.