Ferde AS har trong for konsulenttenester innan ei rekkje ulike fagområde. Denne rammeavtalen omfattar konsulenttenester innan følgjande fagområde:
- Arkitektur, vidareutvikling og test – estimert verdi inntil 2 MNOK pr. år
Innhaldet i tenestene under dei ulike områda er nærare skildra i del 2 vedlegg 1 Behovsskildring.
Det skal etablerast parallelle rammeavtalar med tre leverandørar innanfor kvart av fagområda, med unntak av fagområdet internrevisjon. Innanfor fagområdet internrevisjon skal det etablerast rammeavtale med ein leverandør.
Leverandøren som får tildelt rammeavtale for internrevisjon kan ikkje tildelast rammeavtale innan dei andre fagområda.
Estimerte verdiar er berre estimat, og det vert tatt atterhald om at verdi kan variera frå år til år, og at behovet ikkje vil vera like stort som estimert.