Marknadsdialog – Omsorgsbustader

Information

Prior information notice
eForm 4 Prior information notice used only for information
31.10.2025 08:19 (GMT+01:00)

Buyer

Alver kommune Alver kommune
Henriette Dale Bråthen Henriette Dale Bråthen
Postboks 4
5960 Frekhaug
Norwegen
920290922

Short description

Alver får fleire eldre og andre brukargrupper med behov for omsorgstenester. Dette er dokumentert i behovsanalyse og ulike plandokument. Desse utfordringane kan ikkje løysast med noverande bustad-  og tenestestruktur. Fleire i målgruppene må få tilbod om gode og økonomiske realiserbare bustader i senterområda, der dei kan få heildøgns omsorgstenester og aktivitetstilbod.

Med dette som bakgrunn, er målet å etablera ca. 60 nye omsorgsbustader i Knarvik og ca. 40 i Frekhaug fram mot ca. 2030, inkludert dag- og aktivitetssenter og personalbase. Kommunen ønsker ikkje å byggje, eige eller drifte omsorgsbustadene, men leige dei i minst 30 år for framleige til brukarar. Kommunen vil fatte vedtak om tildeling av bustad og vil yte heildøgns omsorgstenester til bebuarane.

Det er ønskeleg at bustadane ligg i sentrumsområde med gangavstand til butikkar og andre servicetilbod. Senter definerast her for Knarvik etter områdeplan Knarvik senter, medan det for Frekhaug vil være innan ei avstand på 500 meter frå Frekhaug torg. Bustadene må oppfylle vilkåra frå Husbanken og Skatteetaten for denne typen bustader, og tilfredsstille kriteria for investeringstilskot og meirverdiavgiftskompensasjon.

Føremålet med marknadsdialogen er å komma i kontakt med aktørar som kan gjennomføre prosjektet i Knarvik og/eller Frekhaug, og sikra gode og langsiktige løysingar for framtidige bebuarar. Kommunen ønsker å komma raskt i gong med arbeidet, og ber difor interesserte aktørar om å ta kontakt snarast, og helst innan 30.11.2025 for å sikra nødvendig framdrift i prosessen. Administrasjonen ser for seg å presentere saka for kommunestyre i mars 2026.

Kontaktperson for prosjektet er Torgeir Sæter, tlf. 91 60 45 77, e-postadresse [email protected]

Mercell Germany

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.
Mercell Germany | Askekroken 11, 0277 OSLO, Norwegen