Short description
Seljord kommune har behov for å gjera tiltak ifb skulen i Flatdal.
Det kan både vera rehabilitering av eksisterande skule og å bygge ny skule.
Difor ynskjer Seljord kommune å koma i dialog med aktuelle tilbyderar.
I forkant av anbodsutlysing av framtidig Flatdal skule skal det gjennomførast ein marknadsdialog med aktuelle tilbydarar for å finne fram til løysingar som bidreg til eit best mogeleg skulebygg, samtidig som ein ser på andre/kostnadsreduserande løysingar