“Helse og omsorg“

Information

Competitive dialogue
11/30/2016 12:23 PM (GMT+01:00)

Buyer

NAV Tiltak Akershus NAV Tiltak Akershus
Line Johanna Hanøy Line Johanna Landa Hanøy
C.J. Hambros plass 2D (2. etg.)
0164 Oslo
Norway
974652250

Assignment text

“Helse og omsorg“ skal gi arbeidssøkjarar auka kunnskap og ferdigheiter til å arbeida innan helse-og omsorgssektoren, samt bidra til at deltakarar som det er aktuelt for startar i utdanning innan helse og omsorg.

Målgruppa er arbeidssøkjarar som ønskjer å arbeida innan helse- og omsorgssektoren, og som treng fagleg kompetanse for å få jobb. Kurset skal også ivareta deltakarar med redusert arbeidsemne inntil 50%. Det vil i tillegg bli aktuelt å gjennomføra eigne kurs (avrop) for minoritetsspråklege med behov for auka kompetanse i norsk for å koma i eller å stå i jobb. Deltakarane skal i løpet av kurset tileigna seg norskkunnskapar slik at dei vil bestå Norskprøve på B1-nivå (tidlegare Norskprøve 3) i løpet av kurset.

Det skal vera 15 deltakarar per gjennomføring.

Det skal vere ein gjennomføringsstad sentralt på Lillestrøm og ein gjennomføringsstad sentralt i Oslo. Gjennomføringsstaden skal vere i nærleiken av offentleg transport med gå-avstand til tog og/eller bussterminal. Leverandør kan levera tilbod for ein eller begge gjennomføringsstadar. Det må likevel nemnast kva slags gjennomføringsstad tilbodet gjeld for, og leverandør må spesifisera kva slags ressursar som blir tilbode på kvar enkelt gjennomføringsstad.

Kurset har ei varigheit på totalt 28 veker.

Fordelinga mellom teoridel og arbeidstreningsdel vil avhenga av kva for ei målgruppe gjennomføringa er for. Utgangspunktet er at teoridelen skal vare 12 veker og arbeidstreningsdelen inntil 16 veker. For deltakarar med redusert arbeidsemne inntil 50% er det føremålstenleg med ein utvida teoridel på inntil 16 veker og ein arbeidstreningsdel inntil 12 veker. For gjennomføringar som gjeld for minoritetsspråklege med behov for auka kompetanse i norsk skal det vere ein teoridel som varer 16 veker og arbeidstreningsdelen inntil 12 veker.

Tilbodet skal innehalda ein fullstendig og relevant fagplan for kurset. Emna som skal inngå i kurset må vera godt skildra og grunngitt. Vidare må val av pedagogiske metodar skildrast og bli grunngitt. Tilbodet må også gjere greie for korleis undervisning og oppfølging i arbeidstreningsdelen skal leggast opp. Leverandør blir beden om å presentera ei enkel skjematisk framstilling av kurset med fordeling av fag, timar og kva slags instruktørar som skal undervisa i dei ulike emna.

Kurset skal innehalde informasjon om bransjen og kva slags type jobbar som finst i helse- og omsorgssektoren. Kurset skal kunne gi grunnlag for å utdanne seg vidare, som til dømes som helsefagarbeidar, og det skal gis informasjon om kva slags moglegheiter som er tilgjengelege her.

Leverandør må synleggjera kva for nokre strategiar som skal nyttast i marknadsarbeidet deira. Vidare må det gjerast greie for korleis oppfølging og utvikling av eit godt nettverk for arbeidstreningsplasser og jobb skal gjerast.

Instruktørane som skal stå i kurset må samla sett ha realkompetanse og undervisningserfaring frå fagområdet helse og omsorg, samt erfaring frå undervisning eller rettleiing av vaksne. Vidare må instruktørgruppa ha erfaring frå arbeid med målgruppa for kurset, samt god kompetanse innan kulturforståing og kommunikasjon. Det er ønskjeleg med instruktørar som har bakgrunn som helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, lege og liknande helsefaglege utdanningar.

Det må i tillegg presenterast instruktørressurs(ar) som har utdanning og erfaring med opplæring i norsk for minoritetsspråklege i samband med gjennomføring for minoritetsspråklege deltakarar som har behov for auka kompetanse i norsk.



Kontraktstildeling
Tittel: Gjennomføringsstad Oslo
Dato for kontraktstildeling: 06-11-2016
Antall mottatte tilbud: 4
Kontaktpunkt for leverandøren som har blitt tildelt kontrakten:
Kompetansesenteret Feiring986166815, Tullins gate 4c, 0166 Oslo, NO. Folkeuniversitetet Øst970132201, Postboks 4293 Nydalen, 0402 Oslo, NO.

Mercell Holding AS

Part of the Mercell Group, one of Europe’s leading providers of e tender systems and information between buyers and suppliers in the professional market.

Contact us

Write to us

+47 21 01 88 00